Får truleg rive likevel

Sjølv om vedtaket om rivingsnekt formelt ikkje er trekt tilbake, vil fylket gå i dialog med SNU og Odda kommune og forklare premissane for kva som skal til for å få lov til å rive.

Eli Lund E-post
Publisert 11.05.2012 kl 15:28 Oppdatert 11.05.2012 kl 21:49

Tips ein venn på e-post:

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen tillet likevel riving av kalkomnar på smelteverkstomta, men det er berre dersom SNU oppfyller visse krav.

- Så lenge rivinga blir gjort på ein skånsam måte, og rivinga ikkje skadar bygningar som ligg i nærleiken og som skal vernast, kan SNU rive kalkomnane, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen til HF.

Ordførar John Opdal (H) har heilt sidan den for han overraskande beskjeden om rivingsnekt kom, jobba med å få fylket til å sjå på saka på nytt.

I ettermiddag (fredag) kom beskjeden frå fylkesrådmannen.

Opdal er glad

- Eg vil oppfylla dei lovleg fatta vedtaka som Odda kommune har gjort i denne saka og som vi har fått støtte for frå Fylkesmannen, seier Opdal.

Han er glad og letta over at fylket er villige til å gå i dialog med SNU og Odda kommune.

Vedtaket om å ikkje tillate riving av kalkomnar, vart av Opdal oppfatta som ein omkamp.

Møte på måndag

Det som står igjen før rivinga kan endeleg godkjennast, er å sjå på grensesnittet mellom kalkomnane og skalltaket. Bygningskroppane heng fysisk saman og det er viktig å ikkje rive sånn at ein øydelegg skalltaket.

På måndag skal SNU ved Karstein Bremnes, ordførar Opdal og fylkesrådmannen ha møte i Bergen der grensesnittet, riving på ein skånsam måte og avbøtande tiltak er tema.

- Haldninga er at vi skal finna ei løysing, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen til HF.

Delte reaksjonar

Dei borgerlege partia i Odda kommune var samla til gruppemøte, då ordførar Opdal delte nyheiten frå fylkesrådmannen.

Reaksjonane var delte, også innanfor eige parti.

Karstein Bremnes, styreleiar i SNU, har sendt inne inn ein formell klage på det forvaltningsvedtaket som sa at kalkomnane ikkje kan rivast.

- Eg vil vurdera å trekke denne klagen dersom vi på måndag kjem fram til ei fornuftig løysing.

Bremnes ventar med å jubla til han reint skriftleg og formelt har eit nytt vedtak på bordet.

...
KAN TRULEG RIVAST LIKEVEL. Fylkesrådmannen vil sjå på vedtaket frå fylkesadministrasjonen om rivingsnekt for kalkomnane på nytt. Arkivfoto: Eli Lund


På forsiden nå


...

Åtvarar mot roseseljarar

HF nyhende Utanlandske seljarar har dukke opp fleire stadar i distriktet, og politiet ber publikum ta kontakt dersom dei dukkar opp. Les meir

- Sørg for å tappe skikkelig med vann

HF nyhende Vannet blir stengt av i Aplagarden fredag. Les meir



Abonner på e-avisa

...

Ballbingen fortsatt avsperret av rasfare

HF nyhende Uteområdet ved Skare barneskole er midlertidig stengt til og med fredag på grunn av sikringsarbeid. Les meir

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.