...
RISIKERER BØTER. Bilar som står feilparkert i sentrum, til dømes slik som dette, risikerer å måtta punga ut dersom politiet ser det. Arkivfoto: Trygve D. Syse

Varslar bøter for feilparkering

Har du for vane å parkera utanfor oppmerka parkeringsplass i sentrum? Då bør du lesa dette.

Gro Heidi Molland E-post
Publisert 03.05.2012 kl 11:04 Oppdatert 03.05.2012 kl 11:04

Tips ein venn på e-post:

HF har tidlegare omtala problema som oppstår når folk parkerer bilane sine utanfor Spar-butikken i sentrum. Politiet får framleis ein del henvendingar om dette.

– Det er mykje ulovleg parkering i Odda sentrum, og også langs Skjeggedalsvegen i Tyssedal. Å skriva parkeringsbøter er ikkje det vi prioriterer høgast. Men treff vi på bilar som står ulovleg parkert, må ein rekna med at det blir bøter, seier politioverbetjent Per Helge Sekse.

– Er det slik at folk parkerer der dei vil, utan å tenkja at det kan by på problem for andre?

– Det kan verka slik, ja. Særskilt no under det pågåande byggjearbeidet på Almerket skaper bilar som står parkert her vanskar, spesielt for bussar og andre store køyrety, seier Sekse.

Han vil minna om at det er soneparkering i Odda sentrum.

– Det tyder at det berre er lov å parkera der det er merka parkeringsplasser. Det er nok av lovlege stader å parkera på Almerket og Smelteverkstomta, påpeikar Sekse.



På forsiden nå


Satsar på musikk på nett

HF kultur Det skortar korkje på kreativitet eller vilje til å kasta seg ut i det. Håkon Widding og Stein Hauge Aarekol har etablert det nettbaserte plateselskapet MajorCutMusic og er ute med sin fyrste låt – med italienske Franscesca som vokalist. Les meir



Abonner på e-avisa

Vil ha tunneler på E134 inn i første planperiode

...

HF nyhende Et flertall i transport- og kommunikasjonskomiteen vil ha tunnelene på E134 inn i første planperiode. Stortinget behandler NTP i dag. Les meir

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.