Brannvernreglar lagar vanskar for arrangørar som ynskjer å nytta Lindehuset. Brannvernsjefen har sett ei rekkje krav som må oppfyllast før huset kan godkjennast.
Lindehuset har ikkje permanent godkjenning som kulturhus, og treng difor godkjenning frå brannvesenet for kvart arrangement.
Ei synfaring som brannvernsjef Svenn Berglie har gjort, syner at sløkkjevatn må på plass, alle blendingsgardiner må fjernast, rømingsvegar må merkast tilstrekkeleg og vurderat på nytt og alt laust brennbart materiale må fjernast.
Reduserer kapasiteten
I tillegg skal talet på personar som er tillatt i forsamlingslokalet reduserast frå 400 og ned til tilsvarande faste sitjeplassar i tribunedelen.
Kultursjef Nina Kongtorp i Odda kommune opplyser at faste sitjeplassar i dag er på 350. I eit brev frå brannsjefen står det 250, men Kongtorp meiner dette må vera ei misforståing.
Kom brått på
For Stein Egil Legård i Bluesklubben kom krava frå brannvernet brått på.
Blueslaget har jobba seriøst med å få Hellbillies til Lindehuset om fredagskvelden i Blueshelga, men alle planar vart lagt på is så snart brevet frå brannvernsjefen vart kjent.
Vil få godkjenning
Brannvernsjefen skriv i eit brev til eigar av huset, Bygg og eigedom i Odda kommune, at han har sett avvik frå einskilde løyve og at dette er tatt opp med arrangørane. I tillegg har det skjedd uhell med personskade og ein har fått tilbakemelding frå deltakarar om at dei har kjent seg utrygge i lokalet under enkelte arrangement.
Brannverningniør Karine Einang ved Odda brannvesen, presiserer at huset kan takast i bruks så snart krava frå brannvernsjefen er innfridde.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her