Politiet gjorde måndag kveld nye beslag i tjuvegods og narkotika i Odda.
Dette melder politiet i Hardanger i ei pressemelding.
Beslaget vart gjort i ei leilegheit i Odda sentrum.
Nokre av eigendelane som vart funne har politiet allereie sett i samband med tjuveri som dei har fått melding om.
Men i beslaget finnest det og mykje gods som det førebels ikkje er funne eigar til. Politiet ynskjer difor at dei som saknar eigendelar tek kontakt. Der er funne antikvitetar, fiskegarn, ein Yamaha påhengsmotor, motorsag, hekksaks og diverse verktøy og maskinar.
Innehavaren av leilegheita var ikkje tilstades då politiet troppa opp, og ordensmakta har ikkje kome i kontakt med han enno. Politiet opplys om at ei pågriping står for døra.
Politiet gjorde under ransakinga og beslag i ei mengde narkotiske stoff og anabole steroid.
To menn busett i Odda vart i helga arrestert i Haugesund. Også her vart det gjort beslag i tjuvegods som ein ser i samanheng med funnet i Odda måndag kveld.
Politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand opplyser om at politiaksjonen måndag kveld føyer seg inn i rekkja av fleire gjennomførte og komande aksjonar i Odda siste tida. Etterforskinga syner samanheng og dei same gjerningsmennene er innblanda i fleire av forholda.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar