Smelteverksporten Utan smelteverket, ingen by. I alle fall ingen småby som utvikla seg raskt frå 1906. Fabrikkane førte med seg heilt nye krav til utvikling, representerte nye store investeringsmidlar og la grunnlag for annan privat og kommunal investering. Industrien var ein markert byggherre og engasjerte dei beste Bergens-arkitektane. Dei to kontorbygga i jugendstil, tidlegare kalla "hovedkontoret" og "tegnekontoret", er teikna av Sigurd Lunde. Lunde teikna svært mange bygg både i Ålesund og Bergen og vittige tunger gav han tilnamnet "Nogenlunde". Kontorbygga kom opp alt i anleggstida hausten 1906 og både carbidfabrikken Alby United Carbide Factories Ltd og cyanamidfabrikken North Western Cyanamide Company, Ltd hadde kontor her. Det første portvaktbygget var i same stil, men blei erstatta med nytt, teikna av arkitektane Sekse & Mannsåker på 1960-talet. Smelteverksporten markerte kontaktpunktet mellom byen og verket, mellom arbeidet og fritida. - Pulsen i sentrum blei ikkje den same etter at smelteverket stoppa for godt i mars 2003. Tekst: Brita Jordal
Foto: Dag Endre Opedal Alle bilda er rettsleg verna av opphavsretten. Vidare bruk er ikkje lov utan avtale.