Byplanen av 1907 Odda fekk sin første byplan godkjend i 1907. Planen la mønsteret for dei rette gatene på Bakke. Men alt før godkjenning blei ramma for byen sprengd då karbidfabrikken bygde sine bustadhus på "Nyland" sørover langs hovudvegen. Den første "bygrensa" for Odda gjekk vestover frå elva, forbi sørsida av smelteverksporten og Ungdomshallen. I vest var fjellfoten og Knausen bygrensa, i aust elva, og i nord sjøen. Nyland blei lagt inn under bygningskommunen og byen i 1908. Kleivavika og Banhammar låg lenge utanfor regulert strøk. "Strandstedet Odda i Ullensvangs herred" blei eigen bygningskommune i Ullensvang herad frå 18. desember 1896. Eit år tidlegare hadde Odda opplevd den skremmande brannen i Hotel Hardanger. Brannvesen, vassforsyning og regulering var bygningskommunen sitt ansvar. Tekst: Brita Jordal
Alle bilda er rettsleg verna av opphavsretten. Vidare bruk er ikkje lov utan avtale.