Terje Kollbotn (Raudt) fekk sist torsdag med seg eit samrøystes kommunestyre på forslag om å få fortgang i Unesco-arbeidet.
Politikarane vil ha ein handlingsplan på sakskartet til neste kommunestyre.
Kollbotn vil ha ferdig utarbeidd tilstandsvurdering og tiltaksplan for alle industrielle kulturminne omfatta av Unesco-søknaden. Han vil og ha ein avklaringsprosess når det gjeld framtidig eigarskap, finansiering og ny bruk av verdsarv-attraksjonane, samt utvikling av ein felles Unesco-strategi ilag med Hordaland fylke og kommunane Tinn og Notodden.
Frå talarstolen til kommunestyret sa han:
- Klokka er fem på tolv for Unesco-arbeidet.
Også Anne Marit Buer (V) utrykte viktigheita av å få på plass ein handlingsplan med tidsfrist. Ho kom med konkrete forslag til kva ho og Venstre meiner bør vere første punkt i ein slik handlingsplan.
Det vart i tillegg samrøystes vedtatt å definere formannskapet, supplert med komitéleiar i Driftskomiteen og Utviklingskomiteen og to politiske representantar frå fylkesutvalet i Hordaland til å sitje i styringsgruppa for verdsarvprosessen i Odda kommune.
Elisabeth W. Hauge (Nye Odda) bad ordføraren tidfeste når formannskapet kan kome saman for å stake ut kursen for Unesco-arbeidet.
- Det ligg til rette for eit ekstramøte, og det må skje så fort som mogleg, svara ordføraren.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!
Se bildeserie her!
Siste kommentarar