Blueshelga lokst utøve 2009 er i gang. Første band ut var John Cambelljohn på Odda ungdomsskule. Både musikken, lyset og det tettpakka rommet gjorde det til ei heit oppleving.
Elevar, lærarar og andre som ville få med seg bluesopning pakka seg saman i musikkrommet på skulen i ettermiddag (fredag).
John Cambelljohn, som er John sjølv og hans to bandmedlemmer, alle frå andre sida av Atlanteren, serverte både tradisjonell blues, Jimi Hendrix, reggaeblues, rockeblues pluss andre kjende riff. Dei opna med det ei innhaldsrik musikkhelg i Odda.
Seinare i kveld vert det konsertar på tre ulike scener. Jitney og Moving Oos spelar i Lindehuset. Heimefavoritten Vetrhus Bluesband kjem til Iris.
Og alle som ikkje fekk med seg John Cambelljohn på ungdomsskulen, har sjansen på Hardanger Hotel i kveld. Der spelar canadiarane før Rita Engedalen og Blackbone med Marit Bakken entrar scenen.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar