Auka etterspørsel etter restaureringsfagleg kompetanse gjer at fleire firma går saman og etablerer eit nytt firma som skal ta på seg rådgjeving, opplæring og praktiske oppdrag.
Det nyetablerte firmaet vil ta på seg oppdrag både i Odda, elles i Hardanger og i resten av landet.
Firmaet har fått namnet: «Restaureringssenteret i Odda AS» med forkortinga RiO og hadde stiftingsmøte i slutten av juni. No er logoen på plass, og i desse dagar vert selskapet registrert i Brønnøysundregisteret.
- Selskapet etablerast som ein direkte konsekvens av erfaringane frå restaurering av Tyssedal kraftanlegg i perioden frå 2000 til 2007, fortel prosjektleiar Terje Kollbotn, han representerer bygg- og anleggsavdelinga til Norsk Vasskraft og Industristadmuseum (NVIM).
Då Tysso 1 vart restaurert, var det òg fleire større firma med, men ingen av dei blir med på RiO. Det er små og mellomstore firma som no vil samarbeide tettare og tilby sin kompetane som ein samla pakke både til private og det offentlege.
- Vi etablerer eit felles firma etter oppfordring frå fylkeskonservatoren i Hordaland og Riksantikvaren, fortel syreleiar i RiO, målarmeister Tor Meusburger.
Mange fagfelt
Dei som no vil samarbeide tettare er: Malermester Meusburger AS, Murdesign AS, Hardanger Glass og Lås AS, Vebenstad Elektro, Røyrleggjar Geir Sekse, Arkitekt Gro Lavold og bygg- og anleggsavdelinga ved Norsk Vasskraft- og Industrimuseum (NVIM).
- Vi vil begynne i det små, og ta alt steg for steg, fortel prosjektleiar Terje Kollbotn.
Til saman har etablerarane av RiO 40 tilsette og ei omsetting på om lag 40 millionar i året.
Alle firma vil halde fram som sjølvstendige firma og ta på seg andre oppdrag ved sidan av, det er restaureringsarbeid dei no skal samarbeide om.
- RiO er eit alternativ til sentralisering, seier Terje Kollbotn. Han trekk fram erfaringane han og fleire av dei andre gjorde seg på studietur til Ruhrområdet i Tyskaland. Der finst eit likande restaureringssenter som no vert etablert i Odda.
Undervising
Kursverksemd er ei viktig oppgåve for RiO.
- Vi sit på ein unik kompetanse, også når det gjeld lærarkrefter, seier Kollbotn.
I slutten av august kjem elevar frå Arkitekthøgskolen i Oslo til Odda på studietur. Dei vil bli her i ei veke for å arbeide med kraft og industri.
- Det vil vere naturleg for RiO å informere elevane om vår kompetanse, og kanskje få på plass eit årleg samarbeid med skulen, seier Terje Kollbotn.
Alle firma som står bak RiO har lærlingar i bedriftene sine.
- Dei av lærlingane som er interessert, vil naturlegvis bli trekt inn i prosjekta RiO tek på seg framover, seier Joar Førde, Hardanger Glass og Lås sin representant i RiO-styret.
Vern gjennom bruk
Vern gjennom ny bruk er ei viktig målsetjing og fellesinteresse for dei som no etablerer RiO.
- Vi satsar på å bli eit nasjonalt kompetansesenter for dokumentasjon, restaurering og gjenbruk av industrielle kulturminne og andre verneverdige bygg og gjenstandar, seier Terje Kollbotn.
Rio ser seg om etter felles lokale, i første omgang felles kontor, men vil ikkje røpe konkret kva dei har i tankane.
- Smelteverkstomta er ingen føresetnad for etableringa av RiO, understrekar styremedlemmene, men tomta ligg der, og vi takkar ikkje nei til oppdrag om dei skulle kome.
Fleire firma som no går inn i RiO, har allereie oppdrag på tomta. Blant anna held Murdesign AS ved murmester Jan Vidar Fagertveit på med Lindehuset.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!
Se bildeserie her!
Siste kommentarar