...
Hanne Åmli Foto: Karl Ystanes

Alt det gode ved kvinna

Utstillinga "Vandring" opna i Tyssedal laurdag 7. mars, dagen før kvinnedagen. Salsutstillinga, som tre kunstnarar som held til i Fredrikstad står bak, handlar om sentrale verdiar og relasjon for kvinner. Inspirasjonen fann dei på ein hyttetur.

Publisert 07.03.2009 kl 19:56 Oppdatert 07.03.2009 kl 20:18

Tips ein venn på e-post:

...
Eva Malmstrøm og Hanne Bringager stiller ut ved Galleri Rallaren i Tyssedal.
...
Hanne Briganger står bak (og foran) biletet av jenta som lever seg så langt inn i gitarriffa at ho tenkjer berre, berre musikk. Slik har Bringager også stått ein gong, då ho var rockar og stod på scena i Roskilde.

Kunstnarane Hanne Bringager og Eva Malmstrøm var på ein hyttetur. Der kom dei over eit tobinds opplysningsverk om kvinner frå 1958. Bøkene vakte munterheit, men også reaksjonar som etter kvart gjekk over i entusiasme og idear for dei to hyttegjestene.

Dei gjekk i gang med arbeidet med ei utstilling som kunne seie noko om stoda til kvinner frå ulike tidsepokar, og verdiar og relasjonar skulle kome til å stå sentralt i arbeidet.

Det er kanskje ikkje uvanlege emne å velje for maleri, men det er uvanleg at to kunstnarar vel å male same maleriet. Det er råd å skjøne at eit samarbeid om noko så personleg kan by på utfordringar. Men noko må ha klaffa godt, for no heng dei her; bileta av kvinner i hyggeleg og ujålete samvere i fjellheimen, som gravide, som sjølvsikre, som gitaristar, eller med stormande born mot seg.

- Vi har båe våre styrkar og måtar å arbeide på, og det var viktig å finne ein måte å få dei til å gå godt i hop på. Det greidde vi. Arbeidet tok til i januar i år. Det har vore ganske intenst, fortel Hanne Bringager.

Supertempo
Hytteturen var kimen til noko som skulle bli ei svært intens arbeidsøkt. Den tok til i januar i år, og enda på laurdag då ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge, heldt opningstalen ved Galleri Rallaren i Tyssedal.

10 store og ei rekke små maleri heng i utstillingslokala. Materialet er akryl på lerret, og med innslag av collage mellom anna av foto. Ein kan sjå at bileta slektar på kvarandre, men dei talar kvar for seg.

- Vi er opptekne av relasjonar mellom menneske og verdiar i menneske. Vi har ikkje teke med så mykje konfliktar i denne utstillinga, men i eit av bileta, "Glansbilde", går vi inn på problematikken knytt til kroppsideal og kva som kan vere årsaker til at mange i dag underkastar seg ekskluderande ideal. I bileta elles har vi fokusert på alt det gode ved kvinna, seier Eva Malmstrøm.

Oskeladden Åmli

Hanne Åmli er den tredje kunstnaren som stiller ut i "Vandring". Hennar utstilling er noko annleis og langt meir samansett. Med det meiner vi berre at det inngår fleire saker og ting som heng på veggen eller ligg samla eller kvar for seg på golvet. Ho fortel at ho tek vare på nesten alt ho kjem over på vegen sin. Ho viser oss ein rusten bolt og eit beslag som ligg på golvet og utgjer ein del av utstillinga. Bolten og beslaget fann ho dagen før, då ho tok seg opp klatreruta langs den gamle røyrgata til kraftverket Tysso 1. Slik er prosjektet hennar stadig i endring og på vandring. Det same gjeld det blåmala dåhjortegeviret og fjellgeitekraniet.

"Vandring" kan sjåast til 10. april.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

McLarens nye formel 1-bil

...

Spellemann-festen

...

Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!

Se bildeserie her!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.