Coacher fram livsglede

Coaching er kunsten å tilrettelegge for prestasjon, læring og utvikling av ein annan. Torsdag startar Kvinnovasjon i Odda kurs i dette emnet.

Publisert 21.09.2007 kl 13:41 Oppdatert 22.09.2007 kl 16:13

Tips ein venn på e-post:

...
Gunvor Riim Opedal skal saman med Kvinnovasjon i Odda arrangere kurs i coaching.

Coaching fokuserer på personlege draumar, behov og utfordringar. Gjennom samtalar, alternative råd og tilbakemelding er tanken at ein kan hjelpe personar, utvikla talentet deira og realisera mål vedkomande har. Hovudtanken er å legga til rette for at ein person kan leva eit godt liv, og dermed få større livsglede.

«Learning by doing»

- Kven er målgruppa til dette kurset?

- Alle, både menn og kvinner, seier Gunvor Riim Opedal frå Kvinnovasjon i Odda og fortset:

- Det er dei som deltek i Kvinnovasjon og andre nettverk, dei som har leiar- og mellomleiaransvar, dei som har kontakt med kundar eller dei som rett og slett ynskjer å vidareutvikle seg sjølv.

Kurset vil gå over til saman fem dagar i perioden 27. september til 18. november og er lagt til ettermiddag, dag og helg. Førelesningar og praktiske øvingar vert arrangert på Vasstun Gjestehus. Gunvor kan i tillegg røpa at deltakarane vert kasta ut i praktiske oppgåver med resultatfilosofien: «learning by doing».

Det er framleis ledige plassar.

Trygg og tydeleg

- Coaching kan vera eit effektiv verktøy for å forbetre resultata i ei bedrift og for å utvikla leiarar. Gjennom eit slikt kurs kan deltakarar få større sjølverkjenning, innsikt i nye perspektiv, betre tilpassingsevne og større grad av måloppnåing, seier Gunvor.

Resultatet av coaching kan også vera at ein vert meir bevisst på handlingar og val, får større livsglede og at ein vert ein tryggare og tydelegare person. I tillegg fortel nettsider at coachingkurs gjer at du vert ein reflektert og tydeleg leiar og at du lettare tek styringa over livet ditt og kvardagen.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

McLarens nye formel 1-bil

...

Spellemann-festen

...

Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!

Se bildeserie her!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.