Fredag går Eidfjord Minitriathlon(EMT) av stabelen for 9. år på rad.
– EMT er 1/10 av Norseman Xtreme Triathlon, det hardaste i verda i sitt slag, og går ut på 400m symjing, 20.6 km sykling og 4 km springing. Med start og mål ved den flotte cruisebåtkaien me har midt i Eidfjord sentrum, skriv arrangørane i ei pressemelding.
I mange år har også fleire internasjonale utøvarar delteke, dette i samband med Norseman
Xtreme Triathlon som startar i Eidfjord neste morgon.
– Her kan du måla krefter med den «internasjonale elite». Her er ingen for lite eller for mykje trent; så lenge ein tør å ta utfordringa. Å gjennomføre ein eller fleire etappar er i seg sjølv ei bragd, heiter det i pressemeldinga. Arrangør for EMT er Eidfjord Idrettslag og er fullt og heilt basert på dugnadsinnsats.
Kvart år stiller mellom 40 og 50 personer opp som vakter; for at arrangementet skal gå mest mulig smertefritt.
– Utan innsatsen frå lokale eidfjordingar hadde me som arrangør aldri klart å arrangert eit trygt arrangement, meiner arrangørane.
HF nyhende Både brannvesen og politi rykket ut til en gressbrann som tok overhånd i Røldal ved seks-halvsyvtiden fredag kveld. Les meir
HF nyhende Ingen promille, men en mangellapp og en avskilting i Odda fredag kveld. Les meir
HF nyhende Utanlandske seljarar har dukke opp fleire stadar i distriktet, og politiet ber publikum ta kontakt dersom dei dukkar opp. Les meir