Karoline Stalheim er blant arrangørane i LivOGlyst, og ho vonar flest mogleg møter opp.
Torsdag 9. februar inviterast det til ljosfest og karneval i Eidfjord sentrum.
- Tanken er at vi har lyst til å samle Eidfjord i ei tid der det ikkje er mykje som skjer, og det er ganske mørkt og kaldt. Vi vonar flest mogleg, og folk i alle alderstrinn har lyst til å møtast i sentrum på torsdag, seier Stalheim.
Programmet startar med eit karnevaltog, der born frå barnehagen, skulen og kulturskulen går inn til bygdaheimen og vidare ned til kommunehuset. Der vert det karneval, thaimat, kaffe og vafler, og heksebrygg til dei små.
- Det vil og bli musikk, limbo-konkurranse og diverse aktivitetar og innslag etterkvart, seier Stalheim.
Det er første gong ljosfesten blir arrangert.
LivOGlyst Eidfjord organiserar kvelden, med god hjelp frå barnehagen, kulturskulen, jenteklubben, fritidsklubben og skulen.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Manchester City jublet som gale etter at gullet ble sikret fem minutter på overtid hjemme på Etihad!
Se bilder av gullfeiringen!Brann og Strømsgodset tok sesongens første 3-poengere. I Lillestrøm reddet Dorsin ett poeng for Rosenborg på overtid.
Se alle bildene fra 2. serierunde!
Siste kommentarar