...
Kart med mål og dei tre startpunkta avmerka. Foto: UGLEM

Landets tøffaste motbakkeløp

Fyrste året stilte elleve personar til start. I år er det alt no påmeldt det tredoble i konkurranseklassen i det som arrangøren kallar landets tøffaste motbakkeløp. I Eidfjord, sjølvsagt.

Johannes Sekse E-post
Publisert 09.09.2010 kl 16:44 Oppdatert 10.09.2010 kl 09:36

Tips ein venn på e-post:

...
Fjellsida langs Vøringsfossen i bakgrunnen er nok for bratt, men toppen av fossen er målområdet for alle dei tre løpa komande helg. Dugnadsgjengen frå i fjor er litt endra, men like entusiastiske. Foto: Johs Sekse

Komande helg er det klart for det tredje Vøringfossrace i Eidfjord. Begge fjorårsvinnarane, May Britt Buer og Thomas Andersen er mellom dei rundt tretti som har meldt seg i konkurranseklassen.

Kort fortalt er dette eit løp som går opp tre dalar i løpet av tre dagar. Fredag går starten på Måbøgarden. Etter nesten seks kilometer med 500 meters stigning, kjem deltakarane i mål ved Fossli Hotell. Dette er også målgang for dei to neste løpa.

Laurdag startar dei ved Sima Kraftstasjon. Dette løpet er 14,5 kilometer og løparane må heilt opp i 1180 meter over havet, før det går nedover gjennom Isdalen til mål.

Obligatorisk sekk

Siste dag, sundag, går starten ved natursenteret i Øvre Eidfjord. Dette er også det lengste av dei tre løpa, 22,5 km opp Hjølmadalen, Beradalen over Hadle. Medan trimmarane kan velja om dei vil spring eitt, to eller tre løp, må konkurransedeltakarane fossa seg gjennom alle tre. Dei får også kontrollert sekk og innhald, som må vega minst 2,5 kg.

Sjefarrangør i Xtreme Endurance Eidfjord, Kari Varberg Øydvin ynskjer flest mogeleg med på løpet. Men ho oppmodar samstundes dei som ikkje skal springa til å vera med i heiagjengen langs løypene og i målområdet. Ynskjet er å gjera Eidfjord til den beste heiabygda i landet.

Tredagarsløpet Vøringfossrace tilsvarar om lag ein marathon i lengde - med til saman 3000 meter stigning og 400 ned.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

McLarens nye formel 1-bil

...

Spellemann-festen

...

Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!

Se bildeserie her!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.