Formannskapet i Eidfjord har vedteke å løyve 2,1 millionar kroner til rehabilitering av skisenteret i Sysendalen.
Formannskapet i Eidfjord godkjente måndag ein avtale mellom kommunen, Sysendalen skisenter og Hardangervidda Ski og Fjellsport som skal driva skisenteret i Sysendalen denne sesongen.
Driftsavtalen omfattar både drift av alpinanlegg, varmestove og løyper.
Dei godkjende samtidig å innarbeida 2,1 millionar kroner i investeringsbudsjettet for 2011 til dei faste installasjonane og til bakkeplanering ved skisenteret.
I tillegg skal det sendast ein søknad om spelemidlar for rehabilitering, der ein reknar med å få 700 000.
Totalramma for søknaden vert på 2,7 millionar, der kommunestyre alt har løyvd 600 000 i junimøtet 2010. Totalramma for søknaden er basert på taksen som er gjort for rehabilitering.
Kommunestyret får det endelege ordet i saka.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!
Se bildeserie her!
Siste kommentarar