Tre av fem politikarar gjekk inn for å godkjenne byggjeplanane til den daglege leiaren i Eidfjord Utvikling. Huset krev dispensasjon både frå gjeldande reguleringsplan og frå Plan- og bygningslova. Fylkesmannen har det endelege ordet.
Lilliann H. Andreassen har søkt om dispensasjon for å føra opp eit fire etasjar høgt hus på tomta Langedalen 11 i Eidfjord. Den høgaste fasaden er 14 meter, fem meter høgare enn det som er tillate ifølgje føresegnene, og rådmannen i Eidfjord hadde difor innstilt på avslag.
Andreassen grunngjev søknaden med tilpassing til den bratte tomta som skrår om lag 23 grader - ei god utnytting av ei krevjande tomt som andre har gitt opp.
Godt tilpassa
Tre av fem politikarar valte måndag og sjå på heilskapen og la til grunn desse argumenta i si godkjenning av søknaden:
* Det ikkje har kome klage på sjølve bygget etter nabovarsel
* Huset er godt tilpassa tomta
* Det vil ikkje koma i silhuett, men derimot liggja fint inntil bjørkeskogen bak
På leit etter fagfolk
Lilliann H. Andreassen var sjølvsagt svært godt nøgd med utfallet, og er no spent på Fylkesmannen som skal ha dispensasjonssaka opp til vurdering innan tre veker.
Dersom ho får godkjenning, er planen å setja spaden i jorda i januar-februar, når det er tele i jorda. Draumen er å flytta inn i god tid før desember 2011.
Ei anna utfordring for henne er å få tak i fagfolk til å byggja. Huset er av typen passivhus, og Andreassen kjenner ikkje til folk som har vore med å byggja denne typen hus tidlegare.
- Det vil vera trist å måtta henta fagfolk frå andre sida av fjellet, seier ho.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar