...
FRÅ TRAKTOR TIL MINIBUSS. Då dei dreiv Mårbu turisthytte, brukte Anna og Jan Tyssebotn gråtass frå båten og opp. No er dei på Sandhaug og har fått i stand ei minubssrute mellom Dyranut og Tinnhølen. Arkivfoto: Johs H. Sekse

Tre passasjerar på fyrste tur til Tinnhølen

Tre passasjerar var med på den aller fyrste turen som Steinar Ørjansen hadde på den nye minibussruta mellom Dyranut og Tinnhølen i dag, torsdag.

Johannes Sekse E-post
Publisert 01.07.2010 kl 14:52 Oppdatert 01.07.2010 kl 14:58

Tips ein venn på e-post:


-Tanken bak det nye tibodet var å imøtekoma ynskje frå mange fjellfarar, seier Jan Tyssebotn på Sandhaug turisthytte. Det var han som fekk ideen. I utgangspunktet vurderte han å starta ei rute sjølv.

Til Sandhaug

Men etter at han drøfta det med kollega Hans Olav Lægreid på Rauhelleren turisthytte, enda det opp med eit spleiselag.

- Den nye minibussruta korresponderer med Geilobussen frå og til Odda, seier Tyssebotn til HF-nett. Han har to avgangar kvar veg kvar dag bortsett frå laurdag. Frå 16. august til 5. september er det ein avgang kvar veg fredag og sundag.

Bilen vert køyrd av Steinar Ørjansen frå Geilo. På mobiltelefon frå høgda rett heimom Tinnhølen fortel han at det var tre passasjerar frå Ullensvang med på den fyrste turen. Dei skulle til Sandhaug.

Mange spørsmål

Sjølv har han hatt fleire telefonar dagleg den siste veka, med spørsmål i samband med bussruta. I pausane mellom dei to daglege avgangane kvar veg, kan han tingast for ekstratur. Mellom anna har han fått spørsmål om å henta folk som ville parkera bilen sin på Halne. Dei ville så starta fjellturen frå Tinnhølen og koma attende med Halnekongen nokre dagar seinare.

Fordelen med det nye tilbodet er at ein slepp setja att eller plassera bilen sin på Tinnhølen når ein skal ha seg ein fjelltur med start eller heimkost her.

Spleiselag

I utgangspunktet reknar ein ikkje med at det vert nokon stor butikk. For å få det til å gå saman økonomisk, er fleire instansar med på spleiselaget.

Det gjeld Eidfjord Utvikling, DNT Oslo og Omegn, Drammens og Oplands Turistforening, Bergen Turlag og turisthyttene Besso, Litlos, Rauhelleren og Sandhaug.

Jan Tyssebotn melder elles om tidleg sommar i fjellet. Det er lite snø og bekker og elvar er små og bruer er utlagde for sesongen.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

McLarens nye formel 1-bil

...

Spellemann-festen

...

Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!

Se bildeserie her!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.