Vøtrafestivalen på Garen i Sysendalen er godt i gang, og laurdag er det eit innhaldsrikt program som ventar dei besøkjande.
Snørekøyring etter hest, skattejakt, konkurranse i isskulptur, trugestafett og føredrag med Jarle Trå er noko av det festivalen har å by på.
Eit pulkløp i Roald Amundsen si ånd er en del av festivalen, og laurdag formiddag hadde vinnaren alt kome i mål, de andre deltakarane er venta utover laurdagen.
Trå og dans
Laurdag ettermiddag vil Jarle Trå fortelja og visa filmklipp og bilete mellom anna frå dramaet som han opplevde på Mount Everest. Om kvelden vert det dans til musikk frå eit av dei mest populære bluesbanda på Vestlandet - «Nobody's Business».
Det vert elles høve til å vera med på ei rekkje aktivitetar og kurs. Flathearth Adventures tilbyr kurs i snøsegling. Det skjer på Dyranut. Den som vil kan få laga sin eigen isskulptur, snørekøyra etter hest med ryttar, gå på skattejakt med gps eller delta i andre konkurransar.
Overblikk
Alle festivaldagane kan ein elles aka, køyra kanefart, eta og drikka godt, eller gå rundt og sjå på utstillingane frå fleire lag og firma. Og for den som vil få eit skikkeleg overblikk, kan ein vera med på fotografering frå lufta og tandemturar med paraglider og motorisert paraglider.
- Vøtrafestivalen er eit resultat av godt samarbeid mellom bedrifter, hytteeigarar og grunneigarar i Eidfjord og vert arrangert av ein eigen komite i tett samarbeid med Destinasjon Eidfjord og Eidfjord Utvikling AS, fortel Marit Stadheim Boor i Destinasjon Eidfjord.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Manchester City jublet som gale etter at gullet ble sikret fem minutter på overtid hjemme på Etihad!
Se bilder av gullfeiringen!Brann og Strømsgodset tok sesongens første 3-poengere. I Lillestrøm reddet Dorsin ett poeng for Rosenborg på overtid.
Se alle bildene fra 2. serierunde!
Siste kommentarar