Etter mange års saksgang vart det bygd ei gangbru over riksveg 7 på Maurset. Ho kom på plass i februar i fjor. Ein dag i september var det derimot brått slutt. Svært brått.
Ein dag i september i fjor, skulle ein lokal transportør frakta ei brakke frå ein rigg på Marset til Simadal.
- Det einaste sjåføren ikkje gjore var å sjå opp, seier ein som var augevitne. Hadde han det gjort, så ville alt gått greitt.
Kranen på lastebilen kolliderte med den nemnde gangbrua. Smellen var så kraftig at brua vart kondemnert og kranen fekk store skadar.
- Eg har prøvd å gløyma det heile, seier han når HFringjer.
Millionsmell
Til alt hell var det ingen på gangbrua då det small, og det kom heller ikkje bilar imot.
Skadane på kanen kom på rundt ein halv million kroner. Brua kosta ein stad mellom fire og fem millionar.
No viser det seg at det vil ta ein del tid før ei ny bru kjem på plass. Brua vart sett opp etter krav frå Statens vegvesen, eit vilkår dei sette for vidare utbygging og sal av tomter i hyttefeltet Maruseth Hardanger Fjellpark.
Produsent Moelven har så stor pågang at ny bru ikkje kjem på plass før til pinsti.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Web-TV Vinni sang «Sommerfuggel i vinterland» på Sartor senter i Bergen. Video fra BA.
Se videoVi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar