Det er liv og røre i Eidfjord i dag, måndag. Noko som skuldast at det kjem tre cruiseskip denne dagen.
I skrivande stund, klokka halv to, er det Aurora som ligg ved kai, medan Black Watch ligg for anker på gamlemåten. Og Grand Voyager er på vent.
Passasjerane vel ulike tilbod på land. Dei aller fleste vert med på ein busstur i ein eller annan retning, svært mange av dei til Vøringsfossen og natursenteret.
Elles er Trolloget i sving, og Mona og Hans Olav Lægreid tilbyr hesteskyss, mellom anna opp til gamlekyrkja.
Mange vel elles å spasera rundt i sentrum, og antan handla litt, eller dei går promenaden bort til Vik for å sjå skipet frå land. Samstundes får dei studera dei fargerike strikkekledde trestammene.
Me registrerte elles at mange av gjestene tek med seg laptop'en og sit og knottar på den utan å sjå opp korkje på dei høge fjell eller fossefall.
Så lenge dei berre kjem, er det vel like fullt uinteressant kva dei interesserer seg for.
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!
Se bildeserie her!
Siste kommentarar