Torsdag vert psykriatridagen markert med i alt tre samlingar i Eidfjord. Fyrst ei for dei kommunale kriseteama, eit for utrykningspersonell og til slutt eit ope møte for folk flest.
Etter bussulukka var psykologspesialist Jakob Inge Kristoffersen og kollega Atle Dyregrov med og gav bistand til redningsmannakapa.
Torsdag 9. oktober kjem Kristoffersen attende til Eidfjord. Han vil då vera med på i alt tre arrangement. Fyrst ei samling for kriseteama i Odda, Ullensvang og Eidfjord, deretter møtest utrykningspersonell frå dei same kommunane og om kvelden vert det invitert til ope hus der Måbødalulukka er tema.
Den røynde spesialisten har arbeidd med oppfylgjing av ramma og innsatspersonell etter dei fleste store ulukkene som har ramma landet vårt. Han har også hatt internasjonale oppdrag for både FN og Røde Kors.
Alle tre samlingane vert i kultursalen på Quality Vøringfoss Resort & Hotel. Samlinga om kvelden er open for alle. Ein ynskjer då å finna svar på ei rekkje spørsmål. Mellom anna kva ein har lært sidan tragedien i 1988, kva det gjer med ein når eit lokalsamfunn vert ramma på denne måten om det eigentleg er nokon skilnad på store og små katastrofar og korleis kan ein ta vare på kvarandre.
Ein del har fått brev, men det finst ikkje oversyn over kven som var med på redningsarbeidet. For å nå fleire, vender dei seg til avisa.
- Alle er nemleg ynskte og velkomne, seier sokneprest Bjørn Tore Sæle og sjukepleiar Gro Håvardsholm Elnan på vegne av arrangøren - den psykososiale krisegruppa i Eidfjord.
Les meir i HF papir onsdag.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!
Se bildeserie her!
Siste kommentarar