Asfalten på Hardangerbrua var ferdig lagt då HF var på Hardangerbrua måndag. Foto: Ole M. Kvamme

Hardangerbrua ferdig asfaltert

Denne helga vart det lagt 1750 tonn med asfaltdekke på køyrebanen til Hardangerbrua.
Ole Marius Kvamme E-post
Publisert 04.06.2013 kl. 13:13 Oppdatert 04.06.2013 kl. 13:14

Tips en venn på e-post:


Hardangerbrua sett frå utkikspunktet på Bu-sida. Foto: Ole M. Kvamme
Prosjektleiar Øivind Søvik er fornøgd med det han ser på Hardangerbrua. I bakgrunnen er tunnelportalen på Bu. Gang- og sykkelveg kjem ut den mindre tunnelopninga til venstre i biletet, og fortset opp mot Buplatået. Foto: Ole M. Kvamme

- Det vi ser her svarar i alle fall til våre forventningar. Så blir det spanande å sjå om også brukarane vert nøgde etter opninga, seier prosjektleiar for Hardangerbrua, Øivind Søvik til Hardanger Folkeblad.

- Eit mål med utsjånaden til Hardangerbrua har vore at den ikkje skal vere for dominerande i landskapet, samstundes som den skal vere monumental, litt majestetisk, seier Søvik.

- I rute

Han fortel at arbeidet har gått raskt den siste tida, og at prosjektet er godt i rute til opninga 17. august.

- Ja mykje skal gå gale om vi ikkje skal bli ferdige til fristen, seier Søvik.

Det er likevel fleire tidkrevjande jobbar som står att. Mellom anna skal ein måle dei meir enn 120 hengestaga som festar køyrebanen til brukablane, og 4,5 kilometer med rekkverk skal bli montert på brua.

Det står også att mykje arbeid med å rigge ned utstyret, mellom anna må catwalken på brua ned før brua opnar for trafikk.

Les meir i papirutgåva av HF på onsdag

Les mer om:  HF nyheiter 

På forsiden nå