Ullensvang heradet har teke imot meldingar om særs store mengder brunskogsniglar i privathagar og på fellesareal i området Grimo – Velure og på Nå.
Landbrukskontoret har kontakta ein snigleekspert ved Bioforsk, som tilrår «organisert» kamp mot sniglane.
Det er viktig at fleire går saman om dette, t.d. grendelag, velforeiningar og sameige. Lokalt samarbeid kan vera eit viktig middel for å lukkast, skriv heradet på sine nettsider.
Sjå også Bioforsk sine nettsider for meir informasjon og bilete av dei brune udyra.
HF nyhende Tekniske problemer på ferjesambandet Jondal - Tørvikbygd kan skape problemer for reisende. Les meir
HF nyhende Vannet blir stengt av i Aplagarden torsdag. Les meir
HF nyhende Vannføringen i Indre strøk er ventet å øke i dagene fremover. Les meir