...
UNESCO-søknaden for Odda er utsatt med minst to år. Foto: Arkivfoto/Eivind Dahle Sjåstad

Ingen pengar i arven

Å hamne på UNESCO-lista utløyser ingen pengestraum, men kan indirekte få mykje å seie for vern og næringsutvikling.

Eivind Dahle Sjåstad E-post
Publisert 29.07.2012 kl 11:36 Oppdatert 29.07.2012 kl 14:35

Tips ein venn på e-post:

Oddasamfunnet er splitta i synet på verdsarvstatus for Odda smelteverk, skriver Bergens Tidende sin papirutgave søndag.

Avisa har undersøkt kva statusen inneber økonomisk for tre av områda på lista.

- Ingen pott med pengar

Kor vidt det følgjer pengar med ein plass på UNESCO-lista, er eit spørsmål Miljøverndepartementet også får.

- Men det ligg ingen pott med pengar og ventar på dei som får UNESCO-status, opplyser seniorrådgjevar Eirik Bøe til BT.

Krev kultuminnet vedlikehold eller tilsyn, må det søkjast om midler til det.

- Så må kulturminneforvaltninga ta stilling til kor ein ønskjer å bruke statlege midlar, sier Bøe.

Investert over 200 millionar

Men UNESCO-lista er framleis ei ekslusiv og innflytelsesrik liste.

- Verdsarvlista har stor påverknad på finansiering; ikkje direkte, men indirekte, seier dr. Mechtild Rössler, avdelingsleiar ved UNESCO World Heritage Centre til Bergens Tidende.

Før Vegaøyan fekk verdsarvstatus i 2004, hadde området årleg kring 4000 besøkande. I dag kjem 30. 000 til dei 15 øyværa kvart år.

- Vi har brukt statusen til noko positivt, satsa på turisme og bygd opp Vega som reisemål. Sidan 2004 er det investert over 200 millionar kroner i verdsarven, eiere Andre Møller, styreleiar i stiftelsen Vegaøyan Verdensarv til avisa.



På forsiden nå


Gressbrann i Røldal

HF nyhende Både brannvesen og politi rykket ut til en gressbrann som tok overhånd i Røldal ved seks-halvsyvtiden fredag kveld. Les meir

...

Trafikkontroll i Odda

HF nyhende Ingen promille, men en mangellapp og en avskilting i Odda fredag kveld. Les meir

...

Laserkontroll

HF nyhende Laserkontroll i Eidfjord. Les meir

...

Åtvarar mot roseseljarar

HF nyhende Utanlandske seljarar har dukke opp fleire stadar i distriktet, og politiet ber publikum ta kontakt dersom dei dukkar opp. Les meir

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.