Havarikommisjonen har klar ein førebels rapport etter ulukka for eitt år sidan, der fem menneske miste livet i ein helikopterstyrt nær Dalamot i Ullensvang.
Basert på spor på havaristaden er hastigheten i kollisjonsaugeblinken rekna til 194 kilometer i timen.
Havarikommisjonen finn det mest truleg at brå manøvrering gjorde at helikopteret kom delvis ut av kontroll ein kort periode, og at det ikkje hadde tilstrekkeleg høgde til at piloten rakk å rette det heilt opp og flate ut i tide.
Undersøkinga syner at hydraulikksystemet kan ha nådd sin begrensing i svingen, slik at fenomenet "Jack stall" oppstod.
Når fenomenet oppstår i høgre sving, motarbeidar det flygarens forsøk på å rette opp helikopteret og kan føre til at helikopteret avvik betydleg frå planlagt flygebane.
Jack stall kan lettare oppstå under slike luftforhold som den dagen ulukka skjedde. Helikopteret var tungt lasta, hadde høg fart og flaug i tynn luft på fjellet.
Det er ikkje mogleg å fastslå med sikkerheit kva flygeinstillingar og belastningar helikopteret gjennomgjekk.
Odda Etter bare to timer måtte Vegvesenet igjen stenge rv 13 forbi Byrkjanes på grunn av flom og ras. Ny vurdering blir tatt kl. 14 søndag. Oddas kommunale rutebåtjeneste fortsetter båttransport mellom Odda og Tyssedal inntil videre. Bildet er tatt da båten kom fra Tyssedal klokka 10 i morges. Les meir