Tre personar er frakta til Odda sjukehus for sjekk etter at ein traktor velta på Hauso.
Ulukka er meldt til politiet klokka 17.45 laurdag.
Tre drenger frå Polen arbeidde i ein frukthage då ein traktor velta og dei tre ramla av, ifølgje opplysingar gitt av politiet.
Ein av personane er uskadd, ein har fått skade i ein ankel og den siste har lettare hovudskade.
Både ambulanse og politi har vore på staden.
Arbeidstilsyn følgjer opp
Det vert oppretta sak der politi og arbeidstilsyn vil følgja opp og klargjera årsaka til ulukka.
HF nyhende Utanlandske seljarar har dukke opp fleire stadar i distriktet, og politiet ber publikum ta kontakt dersom dei dukkar opp. Les meir
HF nyhende Uteområdet ved Skare barneskole er midlertidig stengt til og med fredag på grunn av sikringsarbeid. Les meir
HF nyhende Tekniske problemer på ferjesambandet Jondal - Tørvikbygd skapte problemer for reisende. Les meir