Det optimistiske skiltet på Nylandflaten, med mottoet «alt kjem til å bli bra» har reist seg att. Denne gongen med Vegvesenet si velsigning, og med betongsolid forankring klart til nye uver.
Alt kjem til å bli bra, stod det på eit skilt som plutseleg dukka opp på Nylandsflaten i fjor haust, på plenen framfor restane av Odda Smelteverk. Ingen viste kven som stod bak skiltet, men mange sette pris på det. Skiltet vart nytta som julekort, og mottoet dukka også opp som broderi og på t-skjorter. Mottoet var truleg også ei påminning til alle i Odda, ikkje minst «partane» i Unesco-saka og diskusjonane rundt smelteverkstomta, om at det vil gå bra til slutt.
Skiltet stod der i veke etter veke, og gledde forbipasserande og naboar, medan mørketida gjekk mot sitt mørkaste – ikkje heilt ulikt debattnivået rundt tomta som er ledig på tiande året.
Men ein dag låg skiltet på bakken. Eit ublidt møte med Dagmar, uveret som herja i Hardanger i romjula, vart for mykje for optimisten. Skiltet kom, sa sitt og vart blese rett ned.
Men på fredag kom skiltet attende til staden sin, denne gongen i langt meir solid utgåve, med to betongfundament i bakken og med løyve frå Statens vegvesen.
Avdukinga stod ingen andre enn ordførar John Opdal for. Til oppmøtt presse frå både riksdekkande etermedia og lokale aviser, kunne ordføraren fortelje at siktemålet med skiltet framleis er å spreie glede og positivitet og ikkje minst von om ei god og samlande framtid for Odda.
Dagens beste spørsmål stod Haugesunds avis sin journalist for:
– Vi må jo spørje: kor lenge skal skiltet stå?
Han fekk ikkje eit heilt klart svar. Vi får vel tygge litt på den, alle saman, men skiltet vil nok stå seg gjennom eit basketak og to til, vil vi tru.
Kven veit, kanskje vert skiltet i seg sjølv ein attraksjon?
HF nyhende Både brannvesen og politi rykket ut til en gressbrann som tok overhånd i Røldal ved seks-halvsyvtiden fredag kveld. Les meir
HF nyhende Ingen promille, men en mangellapp og en avskilting i Odda fredag kveld. Les meir
HF nyhende Utanlandske seljarar har dukke opp fleire stadar i distriktet, og politiet ber publikum ta kontakt dersom dei dukkar opp. Les meir