Med fest, utstilling, bokslepp, gode ynskjer og sterk karakterbok er Hardanger Folkehøgskule rusta for hundre nye år.
Laurdag var det duka til fest på Hordatun. Omlag 100 gjester benka seg i gymsalen der dei vart servert tradisjonskost og eit program prega av skulen sine hundre åri ord og tonar.
Arild Helleland og Geir Botnen serverte både Grieg, Vinje, Sivle og Taube. Songaren og pianisten opptrer gjerne heime i Hardanger innimellom internasjonale oppdrag og gjekk sjølvsagt rett heim hjå publikum. Det gjorde og hardingfelespelarane Eirin Tjoflot og Aurora Opheim Aarhus frå Kulturskulen. Skulen sine eigne kor og band med blanda besetning hadde eit program som spente frå det vare til det så friske at rektor Trond Instebø, som gjerne gjev seg songen i vald, måtte hive både jakke og slips.
I salen satt tidlegare elevar, lærarar, rektorar, styremedlemer og andre med hjarte for skulen.
Som det høver seg når ein rundar 100, må det talar til. Tidlegare rektor Lars Bjaadal heldt festtalen og peika mellom anna på at folkehøgskule er teambuiling, eit år der det å bry seg og vera medmenneske er sentralt.
Styreleiar Marit Gursli forsikra at bygda var glad for å «verta invadert av så mange kjekke ungdomar og treffa hestar både her og der», ordføraren hadde med eit rosetre for framtida og ein oppgradert Hordatunsving som er på plass, mykje takk vera uveret Dagmar. Dagens rektor, Trond Instebø, som har hatt jobben i tolv år, snakka om dei tusenvis av ungdomar, mange frå andre himmel-strok, som har fått kunnskap, ballast, og mange minne etter eit folkehøgsskuleår.
Øyvindt Brandt, leiar i Norsk Folkehøgskulelag peika på skulen som vegleiingsarena og motivasjonsfaktor.
Tidlege, sterke og rakrygga rektorar fekk god omtale, og forsamlinga fekk også glimt frå korleis det var å vekse opp på skulen #<\!a> og korleis det var å vera elev i «gamle dagar». Mellom anna delte 90-årige Ingebjørg Lundetræ Opedal muntre minne frå 1938 då ho gjekk på praktisk line, skulen var ein byggjeplass og laurdagssamlingane for elevane var heime i stova til rektor.
På føremiddagen opna utstilling på Skredhaugen med kunst og handverk laga av tidlegare og noverande lærarar ved skulen.
Skulle nokon vera i tvil: Hardanger folkehøgskule står trygt på Hordatun. Sambygdingane verner om han og det er trong for livskraftige skuler som denne.
Bak står framleis salige Grundtvig og hans tankar om den frilyndte skulen som grunnlag for å gjera elevane til gangs menneske, med kunnskap om morsmål, historie, litteratur og samfunn. Det er grunnmuren, men fargar på veggane skiftar. På Hordatun er det no tilbod om design, kunst, friluftsliv og hest.
Og heile historia er nedskrive i ei flott jubileumsbok.
Odda Etter bare to timer måtte Vegvesenet igjen stenge rv 13 forbi Byrkjanes på grunn av flom og ras. Ny vurdering blir tatt kl. 14 søndag. Oddas kommunale rutebåtjeneste fortsetter båttransport mellom Odda og Tyssedal inntil videre. Bildet er tatt da båten kom fra Tyssedal klokka 10 i morges. Les meir