Politiet har funne tjuvgods som er stole frå ei hytta på Lofthus, men utelukkar ikkje at fleire naust og hytter mellom Odda og Aga og Odda og Lofthus kan ha hatt ubodne gjester.
Tjuveriet på Lofthus er meldt til politiet og dei mistenkjer to personar som var på båttur sist helg for å stå bak.
Fann båt i Skjelvik
Dei to skal ha stole ein 17 fots båt frå Odda båthamn laurdag 9. juni. Dagen etter vart båten funne tilfeldig av ein fiskar i Skjelvik.
Då inneheldt båten mellom anna redningsvestar, knivar og fiskeutstyr.
Ein av dei mistenkte personane vart pågripen av politiet måndag. Seinare vart den andre personen pågripen. Begge er avhøyrt og har erkjent å ha vore på båttur.
Politiet fann også noko av tjuvgodset som mangla etter eit tidlegare innbrot. Dette forholdet erkjente dei to personane å stå bak.
Ullensvang Etter en vår med snø og kulderekorder kom pinsen med sommer som skutt ut av en kanon. Gradestokken klarte nesten ikke følge med på temperaturøkningen som til nå er kommet opp i 21 grader i skyggen Og det skal bli enda varmere. I sola føles det ut som det er 40. Dette bildet er tatt i nærheten av Utne lørdag ettermiddag. Les meir