Førebelse tal syner at kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 470 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til kommunesektoren i 2013.
- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete i ei pressemelding.
Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.
- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.
Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i vårt distrikt. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.
Regjeringa gir også 145 millionar kroner i ekstra skjønsmidlar til flaumramma kommunar og fylkeskommunar.
I tilegg foreslår regjeringa å bevilga 320 millionar kroner til sikringstiltak i forbindelse med ras, flaum og brann på riksveg- og jernbanenettet.
Hordaland får 27 millionar kroner til dette, ifølgje ei pressemelding frå Samferdselesdepartementet.