...
HØGRE SAMLA ALLE. Geir Midtun (i blått) sitt framlegg i skulesaka fekk fleirtal. Her med Terje Bleie (H), og partifeller Marianne H. Kvestad og Eli Johanne Hope. Foto: Mette Bleken

Sekse skule ut or soga

Vedtaket om å legga ned Sekse skule sat langt inne og mange hadde hug til å forklare kvifor dei røysta som dei gjorde.

Publisert 09.05.2012 kl 10:21 Oppdatert 10.05.2012 kl 15:11

Tips ein venn på e-post:

Med 17 mot fire røyster, vedtok heradsstyrepolitikarane i Ullensvang måndag å legge ned Sekse skule frå skuleået 2013/14. Elevane frå krinsen vert overførte til Opedal skule på Lofthus.

Det har vore mykje fram og tilbake, og mange sterke kjensler undervegs. «Den gode skulen» har drukna i dårleg økonomi og sparetiltak.

– Vår oppgave i dag er å skjære igjennom, gjera eit vedtak og legge debatten død og lage ein god skule ut i fra vedtaket, sa Geir Midtun (H) som mente det er trong for to skular på kvar fjordside for å få logistikken til å gå opp. Han hadde tvilt seg fram til standpunktet og heldt på rådmannen sitt opphavlege framlegg om å slå saman Sekse og Opedal på Lofthus. I tillegg ville han at SFO held fram på Sekse og at skulebygget vert nytta til fritidstiltak og arrangement som idag.

– Eg slits mellom å vera skulemenneske og bygdemenneske, sa Kåre Grønsnes (SV). Og var ikkje åleine om det.

Terje Bleie (H) skulle gjerne sett resultat av byggjefelt i Sekse-krinsen før skulenedlegging.

- Kvifor ikkje la Sekse-krinsen vise at de kan få fleire innbyggjarar og elevar, og ta saka opp

att om 15 år og sjå om dei har klart det? spurte Sverre Kleivås (V).

Ordførar Solfrid Borge roste både engasjement og argumentasjon i skulestrukturdebatten.

– Det er både ei belastning og ei utfordring å konkludera. Det er mykje kjensler involvert, sa ho.

Då politikarane skulle røyste låg det to framlegg på bordet, og eitt som vart trekt; Sp-framlegget om å greie ut samanslåing av Opedal og Kinsarvik skule, og la Sekse halde fram. Det fekk fleirtal i formannskapet -og ei einsleg røyst i heradsstyret; Anders Djønne (V).

Guro Kvammen Lian (Krf) fekk seks med seg (Ulriksen, Kleivkås og Moss fra Venstre, Bleie (H) og Grønsnes (SV)) i å oppretthalda status quo.

Dermed var det duka for Geir Midtun sitt framlegg. 17 røysta for, fire imot: Venstre-representane Ulriksen, Kleivkås, Moss og Djønne.



På forsiden nå


...

Ballbingen fortsatt avsperret av rasfare

HF nyhende Uteområdet ved Skare barneskole er midlertidig stengt til og med fredag på grunn av sikringsarbeid. Les meir

...

Fergen mellom Jondal og Tørvikbygd innstilt

HF nyhende Tekniske problemer på ferjesambandet Jondal - Tørvikbygd kan skape problemer for reisende. Les meir



Abonner på e-avisa

Tekniske problemer i HF på grunn av flom

HF nyhende Flom på østlandet skaper problemer for Hardanger Folkeblad. Les meir

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.