Det vart tjuvstart. I dag, fredag, står det i HF at det vert sykkelskytemeisterskap i Eidfjord imorgon. Meisterskapen går ikkje før neste laurdag!
Ein skal høyre mykje før øyro fell av. Laurdag 12. mai er det best med proppar eller øyreklokker om ein tek turen til Simadalen.
Der skipar Eidfjord CSC (Cider & Sykle Club) til sykkelskyttarmeisterskap.
Det er syklistane i IL Harding som er spesielt utfordra i den noko utradisjonelle idrettsgreina, som CSC`arane har von om skal vekse seg sterk og stor.
– Me ser gjerne at fleire melder seg på - og at dei utfordrar naboar, arbeidskolleger, vener eller ein i syforeininga, seier Frede Olaussen, munter presseansvarleg i Eidfjord CSC.
Han viser til at klubben, som tenkjer både klokt og langsiktig, no samarabeider med Hardanger Active, som tilbyr aktivitetar for borna medan dei vaksne syklar og skyt.
– Det er førebels eit lite meisterskap, men me har von om masse publikum med flagg og heiarop på standplass, seier han.
Harding har varsla at dei er klare til å ta kampen opp mot sykkelskytarane i Eidfjord. Oppladinga har vore i full gang, både mentalt og fysisk, over lengre tid.
Olaussen oppmodar folk om å stryke 17.mai-flagget, sette proppar i øyrene og ta med heile famlien til Simadalen for å lage fest i samband med meisterskapen, som har fått kjærkomen økonomisk stønad frå lokale støttespelarar.
Folk har ei veke på seg -både til å stryke flagg og til å finne sykkel- og skyteformen.
12. mai er dagen. Simadalen i Eidfjord er staden.
HF nyhende Kommunstyret skulle i dag vedta å opprette Odda parkering AS, men saken ble utsatt. Les meir
HF nyhende Kommunenes interesseorganisasjon KS ber Stortinget ta initiativ til kommunesammenslåinger. Les meir