...
Røde Kors har ein nøkkelposisjon under redningsaksjonar. Her er lokale frivillige på skredøving ved Dyranut på Hardangervidda. Arkivfoto: Johs H. Sekse

Røde Kors gjorde nytte for seg

Odda Røde Kors hadde fire oppdrag i påsken. Ingen av dei lokale hjelpekorpsa var ute på leiteaksjonar denne påsken.

Eli Lund E-post
Publisert 09.04.2012 kl 20:15 Oppdatert 10.04.2012 kl 09:37

Tips ein venn på e-post:

Hjelpekorpsa i HFs dekningsområde har hatt vakt heile påskeveka, frå palmehelga til og med søndag eller måndag, bortsett frå Kinsarvik Røde Kors som ikkje hadde vakt denne påsken.

Fallskader i Odda

Palmelaurdag, tysdagen i påskeveka, langfredag og påskeaftan var Odda Røde Kors ute på ambulanseoppdrag med snøskuter. Fire personar vart transportert frå fjellheimen og fram til ventande ambulansebil.

- Det var stort sett skade i bein og rygg etter fall på det harde føret, fortel operativ leiar i Odda Røde Kors, Sverre Molven.

Korpset fekk skryt for rask utrykking og skånsam transport tilbake til veg og er glade for dei positive tilbakemeldingane.

Roleg i Eidfjord

Korpsleiar i Eidfjord, Britt Mari Riber melder om berre småskader i samband med sanitetsvakter dei har hatt i skitrekket på Maurset.

Skisenteret hadde siste opningsdag denne sesongen på søndag. Elles har ikkje korpset frå Eidfjord hatt andre oppdrag eller leiteaksjonar.

  • Måndag 2.april stupte ein mann i ein bekk i alpinanlegget på Maurset, det resulterte i ein alvorleg skade

Henta pasient i Hellesvass

Røldal Røde Kors henta ein pasient med lettare skade frå Hellesvassbu påskeaftan.

Korpset har hatt folk i Hellesvass stort sett heile påsken.

- Ein person fekk behandling etter å ha pådratt seg gnagsår og ein annan fekk støtta opp ein vond akilles, fortel operativ leiar Roger Lyghamar.

Mindre folk enn vanleg på Topp

Tyssedal Røde Kors Hjelpekorps har hatt vakt i Skjeggedal frå palmehelga til og med andre påskedag, med eit snitt på fire personar på vakt.

Operativ leiar, Cato Iversen, melder om ein stille og roleg påske med litt mindre folk på Topp enn vanleg, heilt sikkert fordi Trallebanen ikkje er i drift lenger.



På forsiden nå


...

Ingen avklaring rundt Odda parkering AS

HF nyhende Kommunstyret skulle i dag vedta å opprette Odda parkering AS, men saken ble utsatt. Les meir

...

Starter opp Folkelokk AS

HF kultur Jentene i kulturbedriften Folkelokk UB skal avvikle ungdomsbedriften, men vil ikke legge ned prosjektet. Les meir

...

Ber Stortinget slå sammen kommuner

HF nyhende Kommunenes interesseorganisasjon KS ber Stortinget ta initiativ til kommunesammenslåinger. Les meir

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.