Nødbluss på Seljestad

Tysdag kveld vart det observert nødbluss, men politiet leita utan å finne folk i nød.
Eli Lund E-post
Publisert 04.04.2012 kl. 12:39 Oppdatert 04.04.2012 kl. 12:45

Tips en venn på e-post:



Det same skjedde laurdag 14. mars utan at politiet fann nokon i nød, korkje no eller sist.

Meldinga om nødblusset kom til politiet ved 21.30-tida tysdag.

Hovudredningssentralen på Sola vart også varsla.

Ikkje leiteaksjon

Men sidan lokal patruljebil ikkje fann indikasjon på at folk var i nød, vart det ikkje sett i verk ein større leiteaksjon. Det melder operasjonsleiar Morten Kronen ved Hordaland politidistrikt.

Sist det vart sett nødbluss i området, vart det sendt ut folk på snøskuter for å leita, men altså utan at det vart gjort funn av folk i nød.

Problem med falske nødbluss

Den gong sa operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt at det tidlegare har vore eit problem at folk har sendt opp falske nødbluss i dette området. Les HFs artikkel frå sist episode.

Les mer om:  HF nyheiter 

På forsiden nå