...
SKREDROCK 2009. Bandet James Grieve forsterket med søsknene Bente og Per Ragnar Raaen på skredscena. Foto: Mette Bleken

Velure rock i sommarskud

Endeleg! No skal det rockast i Velure igjen. Laurdag 21. juli. er det Velure Rock 2012 - det fjerde i rekka. Med avspark på Utne Pub i kveld.

Mette Bleken E-post
Publisert 30.03.2012 kl 11:23 Oppdatert 30.03.2012 kl 15:16

Tips ein venn på e-post:

Styret satsar på eit breidt spekter - og har førebels fått Real Ones og Tiebreaker på plakaten.

Bergens-bandet Real Ones er hot i Noreg no, med fleire hitar. Femmanns-bandet Tiebreaker frå Odda skal varme opp med eige matriale.

Ifjor hadde Velure Rock eit kvileskjer, men er no tilbake for fullt - på ny dato på skredoverbygget i Velure på vestsida i Ullensvang.

- Me har von om godver. Hausten kan vera svært våt - det har me erfart på desse konsertane, seier styret som og frir til sambygdingar og andre om å gjera ein dugnadsinnsats.

- Konserten hadde ikkje latt seg gjennomføra utan. For oss som prøver å samla trådane, er det motiverande å vita at mange sambygdingar vil hjelpa oss med å få dette til, skriv styret i ei pressemelding.

Leiar Jørund Olav Grønsnes oppmodar til skredrockstart på Utne i kveld. Der ligg også liste (og penn) for dei som vil vere med å dra rockemoroa i hamn. Dessutan både rocke-quiz og konsert.



På forsiden nå


Satsar på musikk på nett

HF kultur Det skortar korkje på kreativitet eller vilje til å kasta seg ut i det. Håkon Widding og Stein Hauge Aarekol har etablert det nettbaserte plateselskapet MajorCutMusic og er ute med sin fyrste låt – med italienske Franscesca som vokalist. Les meir



Abonner på e-avisa

Vil ha tunneler på E134 inn i første planperiode

...

HF nyhende Et flertall i transport- og kommunikasjonskomiteen vil ha tunnelene på E134 inn i første planperiode. Stortinget behandler NTP i dag. Les meir

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.