Under årets juleavslutning vart elevar på Kinsarvik skule nekta å framføre mellom anna Alf Prøysen sin juleklassikar Julekveldsvisa. Årsaken er at markeringa skulle vere religiøst nøytral. KrF i Ullensvang reagerer.
På heradstyremøtet i Ullensvang mandag bad Guro Kvammen Lian (KrF) om politisk handsaming av felles retningslinjer i heradet i dette spørsmålet. Ho ønsker at det no skal klargjerast kva som skal vere lov og ikkje lov i den offentlege skulen, med tanke på kulturformidling og religion.
Lian sa at ho i heradstyret 19. desember tok opp eit spørsmål om ivaretaking av den kristne kulturarven i skulane i Ullensvang, etter at ho vart uroa av meldingar om at tilsette i skulane jobba for å fjerne den kristne kulturarven i undervisninga.
Under årets juleavslutning seier ho at denne uroa vart bekrefta. Ifølge Lian var årets markering ved Kinsarvik skule blotta for alle referansar til kristen tru, då dette kunne vere støytande på folk med eit anna livssyn.
- Elevar hadde mellom anna øvd inn Julekveldsvisa, men fekk beskjed om at det ikkje var lov å framføre den. Mange foreldre og besteforeldre gikk skuffa heim. Eg synest dette er trist, og det har rett og slett gått for langt, seier Kvammen Lian til Hardanger Folkeblad.
- Den nye formålsparagrafen seier at skule og barnehagar ikkje skal påvirke elevar til å følge ein bestemt religion. Det betyr at ein ikkje skal drive forkynning, men tradisjonelle julelåtar handlar heller ikkje om dette. Alf Prøysen er norsk kulturhistorie, meiner Lian.
Ho meiner at felles retningslinjer er naudsynt for å sikre lik grunnkunnskap uavhengig av om ein har gått på skule på aust- eller vestsida.
- Mitt mål er ikkje at vi skal tilbake til bøn og salmesong, men det må vere rom for kristelig norsk kulturhistorie. Vi må ha klare og gode retningslinjer som ikkje er støytande, seier Lian.
- Ein skal ha rom også for dei som ikkje trur, eller som har eit anna livssyn, men det må gå an å inkludere alle, heller enn å ekskludere vår eigen kulturarv. Det er rett å ha fokus på å ikkje støte andre, men vi må ikkje miste oss sjølv i prosessen, åtvarer ho.
- Eg vil ikkje gå direkte inn på kva som har skjedd i denne saka, men ønsker å fokusere på at vi har hatt ein god prosess og ein dialog både internt i lærargruppa, saman med elevar og saman med foreldre etter at det kom reaksjonar på årets juleavslutning, seier rektor på Kinsarvik skule, Marit Gursli.
Rektoren seier at skulen ikkje har eit prinsipp om å droppe alt med religiøse undertonar i sitt virke. Ho seier vidare at det var litt tilfeldig at årets program vart som det vart, og at skulen til neste år vil arrangere ei juleavslutning med meir tradisjonell julestemning. Der vil både kjente og kjære, og meir moderne julesongar bli framført.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Uavhengig av vær og vind - nasjonaldagen feires landet rundt, uansett!
Se bildene her!Alt er stort i USA, også bilmesser. Sjekk ut aprilmessen i New York City.
Se alle bildene
Siste kommentarar