Søndag den 6. februar ved 13-tida gjekk det eit kjempeskred i Velure. Heldigvis trefte skredet overbygga og Fv. 550 vart ikkje stengt. Gangvegane utanfor overbygga vart fylt opp med store snømassar. I tillegg til snø kom det ifølgje augevitne skredvind som bles langt utover fjorden. Både politiet og Statens vegvesen hadde før helga åtvara mot stor snøskredfare, og då spesielt på vestsida av Sørfjorden.
Alle bilda er rettsleg verna av opphavsretten. Vidare bruk er ikkje lov utan avtale.