Gleda var stor då Hardanger Historielag nyleg fekk overrekt ein sjekk på 250 000 kroner av Sparebank1 Hardanger. Regionsoga er no på skinner.
- Me har sterke kjensler for Hardanger og er glade for tiltak som styrkjer Hardanger som region, seier Håvard Hanto-Haugse som representerer banken.
Styrker regionen
- Me ynskjer samarbeid på tvers av kommunegrensene og tiltak som styrkjer identiteten, seier han.
Sparebank1 Hardanger vil gjerne vera med å forma historia og ikkje minst sikre at ho ikkje går i gløymeboka.
- Me har stor tru på prosjektet, elles hadde me ikkje gått inn med så stor sum, seier Hanto-Haugse.
Banken har tidlegare løyvt 200 000 til prosjektet, og har gjeve signal om to nye løyvingar.
- Det meste av finansieringa er på plass, og utgjeving i 2013 er realistisk, seier forretningsførar i laget, Øystein Pugerud.
Verket er kostnadsrekna til om lag 6,5 millionar. Dei sju Hardanger-kommunane har bidrege med 2,3 millionar, fylket har løyvd 250 000, og gjeve signal om at det kan vera aktuelt å løyve KUP-midlar (Kulturelt utviklingsprogram) til prosjektet.
Er i gang
Dette gjer at historielaget har signert kontrakt med forlaget som skal gje ut bokverket, Vigmostad og Bjørke. Bokkomité er oppnemnd og prosjektskisse laga. I komiteen sit professor Ståle Dyvik som histirielaget sin mann og Edgar Hovland frå forlaget. Odding og historikar Svein Ivar Angell er mellom dei som skal bidra med artiklar.
- Me er takknemlege og glade for at banken vil vera hovudsponsor for regionsoga, seier leiar i historielaget, Marit Bleie Mannsåker.
Ho legg til at det framleis er mogeleg å bidra med sponsormidlar. Dei som er med på å få soga i hamn, vil verta kredistert i verket.
Bleie Mannsåker rosar eldsjel-kvartettten Øystein Pugerud, Oddmund Hus, Lars O. Bleie og Inge Reinsnos som i mange år har arbeidt for å få ei regionsoge for Hardanger. Dei har levert eit forprosjekt som har vore eit godt grunnlag for å kunne realisera soga.
Trebandsverket er planlagt ferdig i 2013. Det samlar Hardanger si historie frå dei eldste tider fram til i dag.
Forfattarar med bakgrunn frå Rokkansenteret, Høgskulen i Bergen, Universitetet i Bergen, International Research Institute Stavanger, Bergen Sjøfartsmuseum og Riksarkivet, er på plass og har fått oppdraga sine.
Dei tre banda som skal dekke historia til området som i dag utgjer dei sju Hardanger-kommunane, og vil femna breitt. Geografi, næringsgrunnlag, samferdsle, samfunnsorganisering, utvikling, kultur og identitet. Er me heldige får me og eit godt grunna svar på om Hardangeridentiteten finnest og kva den er.
HF nyhende Utanlandske seljarar har dukke opp fleire stadar i distriktet, og politiet ber publikum ta kontakt dersom dei dukkar opp. Les meir
HF nyhende Vannet blir stengt av i Aplagarden fredag. Les meir
HF nyhende Uteområdet ved Skare barneskole er midlertidig stengt til og med fredag på grunn av sikringsarbeid. Les meir