Over ein tredel av Jondalstunnelen er ferdig sprengd og brua over Torsneselva er ferdig støypt.
Dette melder Statens vegvesen i ei pressemelding.
”Frå Torsnes er Jondalstunnelen sprengd 1140 meter og i Nordrepollen 2537 meter, noko som tilsvarer 36% av tunnellengda”, opplyser byggeleiar Hallvor Solheim i pressemeldinga.
For ”Ødegårdstunnelen” (arbeidstittel for tunnelen mellom brua over Torsneselva og Jondal) er forskjæringa klar og første tunnelsalve er planlagd 16.eller 17. september, opplysar Vegvesenet.
For å vere budd om ulukka skulle vere ute, har entreprenørar og utrykkingsetatane hatt beredskapsøving. Scenarioet var at tre personar var fastklemde i tunnelen etter at det hadde rasa ned ei steinblokk.
Øvinga vart halde 8. september på Torsnes-sida i Jondalstunnelen i regi av entreprenør Kruse Smith AS. Brannvesen, politi/lensmann og ambulanse deltok.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!
Se bildeserie her!
Siste kommentarar