Politiet i Hardanger har dei siste vekene - og særskild siste netter, motteke og registrert fleire innbrot og grove tjuveri
frå verksemder på vestsida.
Gardsbutikken på Måge, Velure Kro, Nærbutikken i Grimo og natt til i dag, torsdag Lothe Camping.
Seinare har også Teknisk etat i Jondal og ei forretning i Herand meldt om innbrot, fortel politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand.
Ulikt gods, matvarer og kontante pengar er bortteke. I tillegg kjem øydelegging ved innbrota.
Politiet ynskjer tips og attendemelding om observasjonar som kan setjast i samband med brotsverka.
- Me har grunn til å tru at der kan væra samanheng mellom hendingane, seier Aarsand.
- Granskingar kan tyde på at det kan væra ein person på vandring i området, legg han til.
Han oppmodar folk om å fylgje ekstra med, og advarer verksemder mot å oppbevare kontante pengar i lokala sine.
Melding til politiet skal gjevast på tlf. 02800.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar