Jakta i år held fram i nokså traust tempo, med flokkane spreidde utover store geografiske område. Om lag 200 dyr står no nord for Bjornesfjorden.
- Jakta går sin rolege gang, dyra er spreidde utover eit stort området og det blir felt litt dyr her og litt der, fortel Knut Nylend ved Oppsynssentralen på Skinnarbu.
Han forklarar at det blir ein rolegare jakt når dyra står spreidde, dette fordi jegerane ikkje må konsentrer seg om nokre få store flokkar.
Dei siste dagane har det blitt felt dyr både i Buskerud, Telemark og Hordaland. Nylend har inntrykk av at det så langt har vore mest aktivitet i Buskerud, men dette kan ha endra seg dei siste dagane, då det har vore meir å jakte på i Hordaland.
Her har Ullensvang hatt mest utteljing, men det har og blitt felt dyr i Eidfjord og Røldal.
- Er det nokre plassar i Hordaland du veit det står dyr no?
- Ved grenseområda mellom Hordaland og Telemark, i Ullensvang og Eidfjord, var det dyr i går klokka 17. Og så er det nokre få flokkar nord for Bjornesfjorden, men ikkje så mange dyr, kanskje 200, fortel Nylend tysdag formiddag.
Han kan melde om ei jakt som så langt har vore utan dei store hendingane.
- Folk oppfører seg fornuftig?
- Ja det ser bra ut så langt, seier Nylend.
Sjå også oversiktskartet til Numedalsnett, i samarbeid med Hardanger Folkeblad. (Link frå Logoen Her er dyra øvst på kvar side på HF-nett.)
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Web-TV Vinni sang «Sommerfuggel i vinterland» på Sartor senter i Bergen. Video fra BA.
Se videoVi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar