Dyra som sto på Tinn og Nore og Uvdal har trekt inn i Hordaland. Klokka ni torsdag morgon, stod det tre flokkar ved Hansbu.
Det fortel oppsyns-"general" Lars Inge Enerstvedt frå Skinnarbu. Den eine av flokkane stod i fredningssona ned mot Skyttarfossen. Den andre, på 200 dyr, på sørsida av Kvenna. Klokka 09.20 var han på veg nordover.
Litt lenger aust stod det endå ein flokk. Elles vart det jakta på Eidfjord ved Brakanuten og der omkring. Trekken er svak, men hovudsakleg nordvestleg. Det same er vermeldinga – for mange dagar fram.
Men det er også dyr andre stader på vidda. Dyra står uvanleg spreidde. Til dømes avr det jakta heilt ned i bjørkeskogen ved Solheismtulen i Uvdal i går.
Onsdag kveld vart det observert fleire flokkar på til saman 3000 dyr i områda rundt firekommunarsgrensa Blyvarden. Trekket var då vestleg. Litt tidlegare på dagen vart det observert fleire småflokkar forbi Vegardhovd og Tangetjønnan med vestleg trekk.
Lenger sør og vest, ikkje langt frå grensa mot Ullensvang, vart det observert til saman rundt 600 dyr fordelt på fleire småflokkar, mellom Gunleiksbutjørn-Urevatn og Ugleflot, nedst i Bjørnadalen.
HF viser elles til Numedalsnett sitt oversiktskart. Du finn det her:
http://www.numedal.net/reinsmelding/
Elles etterlyser HF bilete frå jakta, som me kan krydra sakene våre med.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar