Tidlegare, mangeårig HSD-bussjåfør Arvid Næsheim i Eidfjord etterlyser rutetabbelane i busskura, slik ein hadde før.
- Eg reiser mykje med buss. Men eg saknar rutetidene oppslått i busskura, seier Arvid Næsheim når me møter han i busskuret i Eidfjord sentrum.
På strekkja mellom Geilo-Eidfjord-Odda-Bergen finn han berre rutetidene i Bergen, Odda og på Voss. Han har snakka med folk i både Tide og Skyss.
- Men dei berre skuldar på kvarandre, seier han. I Tide seier dei at det ikkje er med i anbodet. Viss dei ikkje vil ha passasjerar, er dei på rett veg, seier Nærsheim, lett ironisk.
- Eg trudde derimot meininga var å få flest mogeleg til å reisa kollektivt.
Då ville det ha vore eit stort pluss å slå opp rutetabellane i busskura - i alle fall på dei litt større stoppestadene, seier han, og nemner busskuret i Eidfjord, ferjekaiane og på Lofthus, som døme.
- Ringjer du til Tide er du «langt bak i køen» og tilgang til Internett har du ikkje når du står her, seier han.
Næsheim har også teke med seg eit rutehefte utgitt av Skyss, eit av Tide og Hardangerguiden tyil Reisemål Hardanger Fjord. I bussheftet til Skyss finn han berre rutetider for buss og ferjer, men saknar opplysningar om at det til dømes går båt frå Norheimsund.
- For å finna det ut, må du ha dette heftet, seier han og viser oss Tide sine ferje- og snøggbåtruter. I Hardangerguiden finn du båt og buss.
- Det går ikkje an å gjera det meir komplisert. Hadde ikkje eg vore så godt inni dette, hadde eg vore hjelpelaus, held han fram og syner til korleis dei har ordna seg i Sogn.
- Der har dei rutehefte som minner mykje om dei gamle HSD-rutene. Der fann du til og med togtidene, minnest han.
Tidlegare var det operatørane, altså busselskapa som sytte for oppslag av rutetabellar i sine område. No har det vorte eit fylkesansvar for Skyss.
- Prosessen er i gang. Me held for tida på med å skaffa oss eit oversyn over kva som har vore. Når ferien er over, skal me vurdera kva med skal gjera, seier konsulent Tore Brundtland i Skyss.
- Rutetabellar i absolutt alle busskur let seg nok ikje etterkoma, men at det bør koma i ein del, noterer me oss. Elles er det heilt klart at det skal vera informasjon om til dømes bussruter på alle ferjekaiane til dømes, seier Brundtland.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar