- Vi er ikkje bunden av fredingsforslaget i vår avgjerd, melder riksantikvar Jørn Holme. I dag har han publisert ei melding der han ber potensielle investorar venta før dei bestemmer seg.
- Vi er opptekne av å finne ei god løysing for Oddas framtid, og vurderinga til kommunen er viktig for oss. Vi ser at industristaden Odda treng nyskapande næringsutvikling. Med basis i enkelte av bygningane på smelteverkstomta er det spennande å utvikle ny næringsaktivitet. Difor deltek vi, saman med fylkeskommunen og Odda kommune, i arbeidet med eit utkast til korleis eit kjøpesenter på smelteverkstomta kan utformast, seier han.
Riksantikvaren håpar investorane kan venta.
- Utkastet skal ta utgangspunkt i det arealbehovet utbyggar har, og ein må sjå utkastet i samsvar med fredingsomfanget. Eg håpar at potensielle investorar no ventar nokre månader på fredingsvedtaket før dei bestemmer seg, seier riksantikvar Jørn Holme.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Web-TV Vinni sang «Sommerfuggel i vinterland» på Sartor senter i Bergen. Video fra BA.
Se videoVi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar