Storselskapet Siva Group, med hovudkontor i India, kjøper 50 prosent av flaskevassprodusenten Isklar på Hovland.
Dette melder selskapet i en pressemelding i dag, onsdag.
For å overta 50 prosent av Isklar, måtte Siva Group ut med 22 millionar dollar. Den prisen står i forhold til dei investeringane som er gjort i selskapet, ifølgje administrerande direktør, Peter Krogh.
Siva Group er ein multinasjonalt konglomerat som ifølgje Krogh er store innanfor ei rekkje sektorar, blant anna telecom, shipping, landbruk og logestikk.
- Vi er glade for at vi får ein såpass sterk partnar som kan danne grunnlag for ytterlegare vekst, samtidig som det er ei tillitserklæring på at vi har eit godt produkt, og ei god merkevare, seier Krogh til HF.
Som ei følgje av oppkjøpet, vil Isklar gå inn i den indiske marknaden, og ser for seg å vere inne i India om eit års tid.
Oppkjøpet gjev ei 50/50 eigarforhold mellom Siva Group og investorane SABCO Group og Jova Holding.
SABCO Group er midtaustenbasert, medan Jova Holding er involvert i eit stort norsk shipping- og logistikkselskap.
- Siva Group har alltid søkt etter selskap i ein tidleg fase med stort vekstpotensial, seier Peter Krogh, som med oppkjøpet får moglegheit til fortsetje eksapansjonen internasjonalt i eit høgare tempo enn før.
Og som framleis ser for seg at Isklar vil begynne å tene pengar i 2012.
Siste nyheiten på produktutviklingsfronten er Isklar med kolsyre.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar