Botnfrosne bekkar og elvar på Hardangervidda kan ha medført egg- og auredød, slik det skjedde i 1996.
- Det er stor risiko for at det same som skjedde vinteren 1995/96 også har skjedd i år, seier professor Reidar Borgstrøm ved Institutt for naturforvaltning på Universitetet for Miljø- og Biovitskap på Ås, til Hardanger Folkeblad.
Snøen har god isolerande effekt og hindrar frost, når han berre er tjukk nok. Nett no er Vidda, i alle fall sør for Hårteigen og Nordmannslågen, stort sett dekka av eit snølag på mellom 1,50 og 2 meter. Men tidlegare i vinter har det vore lite snø.
Frost ein vinter kan føra til stor vekst året etter og overbefolkning seks-sju år etter det.
All fisken strauk med
1995/96 kom det svært lite snø på Vidda. Både mindre bekkar og deler av dei større elvane fraus heilt til botnar. Dei klekte egga og all fisken i desse partia strauk med. I tillegg strauk og mykje av -95, -94 og tidlegare årgangar med i den same kuldeperioden.
- Når yngelen som vart klekt i 1997 skulle veksa opp, låg dermed alt til rette for dei. Mattilgangen var god og konkurransen om matfatet liten.
Etter kvart som fiskane vaks, særleg frå dei var fem, seks, sju år gamle, byrja det også å merkast i matfatet. Kampen for føda vart større.
Fiska for livet
I juli 2003 oppfordra difor Borgstrøm HF sine lesarar om å dra til fjells og fiske det dei kunne for å hindre overbefolking.
I tillegg hadde det vore ein god sommar og haust året før og sommaren så langt hadde sett fart i voksteren på dei seks år gamle fiskane. Og fiskane beit. Mange opplevde eventyrfangstar.
Diverre hjelpte ikkje oppfordringa nok. Det vart fiska for lite og den store årsklassen førde til overbefolkning i til dømes Krokavatnet.
Laus og porøs snø
Denne vinteren har det vore mykje austaver og lite snø i vest. Lite nedbør og kulde har truleg på nytt medført botnfrysing mange stader. Den snøen som er komen er også laus og porøs. Kor vidt det verkar inn på isolasjonsevna er ikkje Borgstrøm sikker på.
Neste år kan ein derimot på nytt oppleva same situasjonen som i 1997, nemleg store årsklassar av nye rekruttar.
- Viss dei overlever er det stor fare for ny overbefolkning med negative verknader om 6-7 år, seier Borgstrøm.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!
Se bildeserie her!
Siste kommentarar