...
HJELPSAM GJENG - Vi har meir enn denne prisen å takke kommunen for, sa Tone Mannsåker under takketalen for Kulturprisen 2009. Ho inviterte samstundes til nok ein blueskonsert arrangert av Blueslaget Lokst Utøve.

Bluesklubben fekk Kulturprisen

Kulturprisen i Odda 2009 går til Bluesklubben Lokst Utøve, for innsatsen laget har lagt ned i kulturlivet i Odda sidan dei vart skipa for snart 17 år sidan. Leiar i klubben, Tone Mannsåker, takka mellom anna ved å seie at dei har meir å takke kommunen for enn denne prisen, og viste til god starthjelp og elles eit godt samarbeid. Ho fekk også Stein Egil Legård (som får klem på biletet) opp på scena, til applaus frå publikum. Han har vore sentral i det meste Blueslaget har drive med.

Karl Ystanes E-post
Publisert 20.02.2010 kl 21:22 Oppdatert 20.02.2010 kl 21:38

Tips ein venn på e-post:


Kulturprisen i Odda for året 2009 vart delt ut under Odda Musikklag sin konsertkveld i kinosalen laurdag 20. februar.

Prisen gjekk til Blueslaget Lokst Utøve. Leiar i laget, Tone Mannsåker, fekk prisen overlevert av leiar i Driftskommiteen i Odda kommune, Nils P. Freim (H). Prisen er på 10 000 kroner, og eit kunsthandverk laga av Torkjell Stana. Det symboliserer fjell, fonn, foss, fjord og kraft.

Hjelpevillige
Freim drog fram at Blueslaget er ein god ambassadør for Odda, og at dei ikkje berre gjennom dei årvisse bluesarrangementa har give Odda eit løft på kulturfronten, men også gjennom å vere så villige til å hjelpe til i andre arrangement har dei bidrege til å styrke kulturlivet i Odda på ein framifrå måte.

Tone Mannsåker takka kommunen, sponsorar og samarbeidspartar, og ikkje minst alle dei som er med i Blueslaget. Ho takka også publikum og la med eit smil til at alle var velkomne på kveldens blueskonsert på hardanger Hotell. Ho fekk munter respons hjå dei som var møtte fram i kinosalen denne laurdagskvelden.

Velsmurt maskin
Frå scena bad Mannsåker om at ein av dei mest sentrale og trufaste personane i Blueslaget, Stein Egil Legård, måtte kome på scena. Han kom medan publikum klappa han opp, og fekk også eit høve til å takke for prisen.

Mannsåker la til at ho ville nytte høvet til å skryte av laget. Ho meinte ho kunne ta seg lov til det.

- Eg har jo kome seint inn i laget sitt snart 17 år gamle liv, sa ho, og takka mest av alt alle i laget for den gode innsatsen. Ho omtala mellom anna laget som "ein velsmurt maskin", der "folk veit kva dei skal gjere".

Applausen i salen tyder på at kommunen har valt ein god kandidat til prisen i år også.

Mest lese no



Mest sette bileteserier



null

HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

McLarens nye formel 1-bil

...

Spellemann-festen

...

Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!

Se bildeserie her!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.