Næringshagen i Odda og Sparebanken Vest inviterer hardingar til å koma med forslag til Årets kvinnelege leiar i Hardanger 2009.
I fjor var det Siv Jung Hereid frå Hardangerviddahallen som fikk æra av å bli den fyrste ”Årets kvinnelege leiar i Hardanger”
Kvinnovasjonsprosjektet i Næringshagen i Odda og Sparebanken Vest jaktar no på verdige kandidatar til å verta årets kvinnelege leiar.
”Kriteria for tildelinga er:
- Verksemda må ha ein kvinneleg eigar, leiar eller styreleiar.
- Verksemda må ha merka seg ut på ein positiv måte i løpet av 2009.
- Verksemda kan vera eit enkeltføretak eller aksjeselskap.
- Verksemda må vera plassert i Hardanger”,
skriv Ingvild Ystanes frå Næringshagen i Odda i ei pressemelding.
Grunngjeve forslag på kandidatar sendas til Næringshagen i Odda innan fyrste februar og vinnaren vert heidra på Sparebankens Næringsbarometer i Odda i februar.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Web-TV Vinni sang «Sommerfuggel i vinterland» på Sartor senter i Bergen. Video fra BA.
Se videoVi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar