...
I TUNNELEN: Kampesteinar og armeringsjarn vil bli liggjande til området er klarert som trygg arbeidsplass. Arkivfoto: Eli Lund

Tunnelrydding utsett

Statens vegvesen har tidlegare antyda at Austmannalitunnelen kunne opnast for trafikk i ettermiddag, onsdag 25. november, men vegen må framleis haldast stengd.

Eli Lund E-post
Publisert 25.11.2009 kl 09:49 Oppdatert 25.11.2009 kl 09:54

Tips ein venn på e-post:


Sikringsarbeida i fjellet ved Austmannalitunnelen er meir omfattande og krevande enn det såg ut til i starten.

Fjellet må sikrast før ryddemannskapa kan gå inn og fjerne steinmassar frå den øydelagde tunnelportalen. Kor lang tid det vil ta, vert avklara nærare i løpet av dagen, og det vil bli sendt ut ny melding så snart vi veit meir.

Dersom det kjem vintervêr – noko som kan skje kvar dag som helst, vert sikringsarbeidet meir komplisert og vil ta lenger tid. Det skal vere trygt for dei som skal utføre det fysiske arbeidet både med fjellsikring og massefjerning.

Så lenge vêr- og føretilhøva tillét det, kan trafikken gå via gamlevegen i Austmannalia, da med kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn. Dette fordi gamlevegen er krevande å forsere og det skal vere trygt for trafikantane.

Alternative ruter er E16 Filefjell, Rv. 7 Hardangervidda eller E18 om Sørlandet.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

McLarens nye formel 1-bil

...

Spellemann-festen

...

Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!

Se bildeserie her!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.