Lukta av svidd gummi

Det lukta svidd gummi i bakken mellom Utne kyrkje og Utneheimen sundag ettermiddag.

Mette Bleken E-post
Publisert 14.06.2009 kl 21:51 Oppdatert 17.06.2009 kl 14:22

Tips ein venn på e-post:

...
To må ein vera. Pilot Thor Eivind Tjalvin Alvsåker og kompis, kartlesar og trådtrekkar Joar Kråkevik Reinsnos Foto: Mette Bleken

Lukt av svidd gummi på Utne

...

Ikkje så merkeleg det, etter at Utne grannalag hadde arrangert kassabilløp på strekkja.

Mellom 20 og 30 deltakarar, born og vaksne suste nedover med ulik fart. For mange av doningane gjekk det temmeleg raskt så bremseanordningane måtte hjelpast med skosålar.

Elleve ulike doningar stilte til start i Rally Monte Utne.

Nokre av skaparane har mogelegvis tenkt vidare enn berre eitt løp: Her var mjølkespann av god størrelse, haldar til colaboks eller annan naudsynt drikke, lenestolar for meir enn å ha det mjukt under fart (kan hende kan dei ha med eit rullande bibliotek på slep i neste løp?, ein skjult rullestol, knaggar til ymse og meire til.

Det ungkånelaget må gjera til neste løp; er å få vatningsanordning til blomane. Dei visna undervegs.

Alle fekk deltakarpris. I tillegg vanka premie til raskaste doning i dei ulike klassane, forutan fiaskopris og pris for sneisnaste bil.

Det var Ungkånene på Utne som måtte ta i mot fiaskoprisen. Det gjekk visst for treigt, dei vart sinkar i trafikken nedoverbakke.

Sneisnaste-prisen fekk Rogdo-karane som har to hjul på Utne og to på Rogdo. Kjekt med forbrødring mellom dei ulike bygdelaga og at representantar frå heile bygda og meire til er med.

Og etterpå gjekk alle i museumshagen for grilling, hygge og meir moro.

Og alle var eininge om at kassabilløp var ein sneisen idè.

Sjå biletserie frå kassabilløpet, og mer i papirutgåve seinare i veka.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Bombing og skyting

Web-TV Situasjonen i Syria bedrer seg ikke.

Se video

Bilete inn- og utland

Se de nye motene!

...

Oslo Fashion Week er i gang. Sjekk ut de nye motene og trendene.

Se bildeserie

Full fest i Florø

...

De hotteste trendene

...

Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.

Se bildene her


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.